Lokal lillelaurdag - revy med Flausekarane og konsert med Ferdamann

Arrangementsinformasjon
Default file 1494141601

Lillelaurdag i teltet

Ein smak av Austrheim / Festivalteltet / Onsdag 28.juni kl. 19.00

Gled deg til onsdag 28.juni! Då vert underhaldninga kortreist og variert. Det heile brakar laus klokka 19. Då entrar Flausekarane scena med ei spesial forestilling før gjengen i Ferdamann spelar til konsert kl 21. 

Baren er open frå klokka 18 og ein kan kjøpa ein særdeles kortreist burgarmeny frå Kilstraumen Brygge både før og etter revyen.

Revy med Flausekarane frå Fedje!

Ein smak av Austrheim / Festivalteltet / Onsdag 28.juni kl. 19.00

Ørjan Borge og Karsten Moldøen tek ferja inn frå Fedje og kjem for å få liv i lattermusklane. Me reknar med det kjem ein og annan kommentar om Austrheim óg!

Dei to fedjingane meiner at namnet Flausekarane kan dempa forventingspresset noko. Dei har begge vore med på ei lang rekkje framsyningar gjennom åra. I fjor var det braksuksess med fleire fulle hus på Fedje. No rir Flausekarane igjen, meir fryktlause enn nokon gong!



Konsert med Ferdamann frå Austrheim!

Ein smak av Austrheim / Festivalteltet / Onsdag 28.juni kl. 21.00

Me gler oss til å bli betre kjend med Ferdamann sin musikalske og lyriske verd når han og bandet spelar etter revyen. Ferdamann er fullbooka i heile vår og sommar, men ein konsert i heimbygda ville han ikkje sei nei til! Her kan det både verta allsong og dansing på borda! 

FERDAMANN Knut Gunnarson Haugland frå Austrheim har 40 år bak seg som musikar, og har gitt ut to album. "Dagane" frå 2005 har gått i rotasjon på P1 og i 2015 kom "Ferdamann", med all tekst og melodi av Gunnarson. Tekstane er på norsk og musikksjangeren er viserock med innslag av pop og dansemusikk. Ferdamann er ofte blitt sammeligna med Vestlandsfanden og Vamp. Med seg i bandet har han Jostein Fonnes på bass, Frode Andreassen på trommer og Jan Gunnar Rosseland på gitar. Musikken kan lastast ned frå Spotify, Wimp og Itunes.



Ferdamann


Restriksjoner

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.

Ansvarsfraskrivelse

Aldersgrense 18 år. Under 18 år i følge med føresatte.