Odd Nordstoga med band

Arrangementsinformasjon
Default file 1496181477

Odd Nordstoga i teltet fredag 30. juni kl 19.00!

Ein smak av Austrheim / Festivalteltet / Fredag 30. juni kl 19.00

Få med deg årets hovedkonsert på festivalen. Det vert garantert god stemning og høg allsong-faktor når Odd Nordstoga og bandet spelar i teltet. Etter konserten vert det danseglad musikk for alle med DJ Frode Sylta. Er inkludert i billettprisen.


TRANSPORT

Til Mastrevik Torg
Rutebuss 300 frå Knarvik Skysstasjon kl. 17:06 om Lindås (fremme kl. 18:12)
Rutebuss 320 frå Alverflaten kl. 17:13 via Austmarka 17:27 (fremme kl. 18:16)
Rutebuss 320 frå Manger Senter kl. 17:06 via Taule Kryss 17:40 (fremme 18:16)

Frå Mastrevik Torg
Buss til Knarvik om Manger eller Lindås kl 01.10
Kjøp saman med billetten og unngå kø!

PARKERING

Parkering ved Austrheimhallen. Følg skilting.
---
Odd Nordstga seier sjølv;

"Det er no over eit år sidan albumet ”Dette Landet” kom ut. Med låtar som ”Kunsten å gå”,  ”Diesel og Bensin” og ikkje minst tittel-låten ”Dette Landet”, har dette blitt ein av mine største suksessar til no. Det har vore fulle hus og stormande jubel nær sagt overalt. Tusen takk!

No mønstrar me på turnebussen igjen, og feirar dette albumet, og resten av låtane mine. Med på lasset kjem også at eg spelte inn nokre låtar heime i akkustisk versjon no i haust. Dette blei så fint, tykte både katten min og plateselskapet, at me gav det ut i november 2016. Plata heiter sjølvsagt ”Aleine heime” og inneheld låtar eg har laga, men som eg ikkje før har spelt inn sjølv, ein coverlåt av fantastiske Lars Winnerbäck og ellers mine eigne akkustiske tolkningar av, nettopp, meg sjølv.

Alt ligg til rette for ein musikalsk fullkomen kveld med meg og mitt fantastiske band. Bandet mitt er David Wallumrød på orgel, Tor Egil Kreken på bass, Torstein Lofthus på trommer og Øyvind Blomstrøm på gitar."

Kjøp billettar no - unngå kø!

Restriksjoner

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.

Ansvarsfraskrivelse

Aldersgrense 18 år. Under 18 år i følge med føresette.